
Etter å ha lese lesarinnlegga de skreiv for ei tid tilbake, ser eg at mange av dykk treng litt hjelp for å få betre tak på sidemålet.Eit tips frå meg er at de må lese fleire nynorske tekstar, også utanfor skolen. Det å finne gode nynorsktekstar er derimot noko mange synest er vanskeleg. Eg vil difor kome med forslag til to bøker for de av dykk som ønskjer å ha noko å sjå på i dei neste vekene. Den fyrste boka er faktisk ei barnebok, nemleg
Happy skriven av Linn T. Sunne. Denne boka vann Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2007. Kort sagt er det ei bok om "å vere ny i klassen, lyge og ha pokerfjes som sprekk." Mange vil kanskje seie at de er for gamle for denne boka, men eg vil likevel seie ho er verd å lese både på grunn av sjølve historia og språkføringa. De kan le
se meir om Happy
her.
Den andre boka er Frode Grytten si novellesamlin
g
Bikubesong frå 1999. Dette er ei samling av 25 noveller som alle tek for seg livet til innbyggjarane i ei bestemt bygning i Odda. Også denne boka er vinnar av ein Bragepris og de finn meir informasjon om ho
her.
God lesing!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar